Livsmeistring- robuste barn og unge

Gi barn og unge like moglegheiter til å utvikle ei positiv psykisk helse uavhengig av kva barnehage eller skule dei går på ved å innføre Folkehelse og livsmeistring som eige fag på timeplan

Med bakgrunn i aukande psykiske helseplager hjå barn og unge, fagfornyinga i 2020, tilbakemeldingar frå ungdom og ulik praksis i barnehage og skule vart prosjektet «Livsmeistring- robuste barn og unge» til. Det er eit samarbeid mellom Sogndal- og Luster kommune og er ein del av «Program for folkehelse». Målet med prosjektet er å lage eit heilskapleg og systematisk løp for livsmeistring frå barnehage og ut grunnskulen. På den måten vil ungane få eit likt opplæringstilbod som bidreg til å jamne ut sosiale skilnadar i helse. Ungane vil få like moglegheiter til å utvikle ei robust psykisk helse uavhengig av kva skule dei går på eller kva lærar dei har. Til dømes vil ungane få jamleg opplæring i kropp, grense og seksualitet frå barnehage og ut grunnskulen. Dette vil vere eit viktig løft for barnehagane og skulane i Norge når det gjeld førebygging av vald og seksuelle overgrep og vil derfor ha stor nasjonal overføringsverdi.
Prosjektet har ei tidsramme på fem år og vi har sidan oppstart i 2020 kartlagt no- situasjonen i barnehagane og skulane med ulike medverknadsmetodar. Vi har involvert breitt og Vestlandsforsking har analysert datamaterialet for oss. Vi har dermed danna eit godt grunnlag for tiltaksutvikling. Vi skulle m.a. finne ut av kva som skal til for at barn og unge skal bli godt rusta til å takle medgang og motgang i livet og korleis vi skal sikre at barn og unge får like moglegheiter til å utvikle ei robust psykisk helse. Kartlegginga viser m.a. at ungdom og tilsette i oppvekst og helse ynskjer at det tverrfaglege temaet Folkehelse og livsmeistring skal timeplanfestast og systematisk inn i barnehage og skule. Kartlegginga har resultert i tre tiltak: 1. Livsmeistring som eige fag på timeplan. 2. Livsmeistring som eige tema i barnehagen. 3. Eige plan for barnehage/skule- heim samarbeid. Ei ressursgruppe med ungdom og 3 arbeidsgrupper er i gang med arbeidet. For å sikre eit likt opplæringstilbod er vi i gang med å utarbeide konkrete undervisningsøkter for ein skuletime kvar veke på timeplan for 1.-10.trinn med tema innan Folkehelse og livsmeistring. Eige kartlegging og Læreplanverket (LK20) har vore styrande for val av tema: Vennskap, nettvett, økonomi og levevanar, takknemleg, relasjonar, kropp, kjensler, rus, verdiar og val og mangfald. Frå hausten 2024 skal 6 pilotskular prøve ut dette. Dette skuleåret har ungdomssteget hatt undervisningsøkter med tema rus.Doktorgradsstipendiat v/Høgskulen på Vestlandet evaluerer undervisninga. Dette vil ha stor verdi for arbeidet med utviklinga av innhaldet til faget. I mars blir nettstaden meistrelivet.no lansert, laga av Gasta design & kommunikasjon AS. Her vil undervisningsøktene ligge klare til bruk for alle skulane i landet som ynskjer å teste ut ei time i veka med tema innan Folkehelse og livsmeistring.

Forfattere:

Tema:

Tema 3: Når ungdom får bestemme

Type:

Prosjekt-/praksiserfaringer

Institusjon(er):

Luster kommune

Presentasjonsform:

Muntlig

Presenterende forfatter(e):

Marte Kvisterø Krogstadmo

Folkehelsekonferansens logoikon

Folkehelsekonferansen 2025
arrangeres av

I samarbeid med

Folkehelseforeningen

Org. nummer: 983 513 786

Telefon: 954 95 003

E-post: post@folkehelseforeningen.no

Postadresse: Postboks 6686 St. Olavs plass, 0129 Oslo