Bidrar befolkningsbaserte helseundersøkingar til betre folkehelse?
23. sep. 2026
2026 - Fremtidens folkehelse - for alle, med alle
Bidrar befolkningsbaserte helseundersøkingar til betre folkehelse?
Befolkningsundersøkingar utgjer ein sentral kunnskapsbase for folkehelsearbeid i Noreg, både i forsking, forvaltning og lokal planlegging. Men slike undersøkingar kan vera kostbare og det er ofte utfordrande å sikre god nok deltaking.
Føremålet med denne forkonferansen er å løfte blikket på den samla porteføljen av slike undersøkingar, med fokus innhald og bruk, men også utnytta potensiale. Gjennom forkonferansen vil det bli presentasjonar med utgangspunkt i erfaringar frå nokre av dei store nasjonale og regionale befolkningsundersøkingane i landet (HUNT, Tromsøundersøkelsen, SAMINOR, FHUS og NHUS).
Innlegga vil vise korleis data frå desse undersøkingane kan nyttast til overvaking av helsetilstand, analyse av sosiale og geografiske skilnader i helse, utvikling av kunnskapsbaserte folkehelsetiltak og til bruk i evaluering av tiltak.
Forkonferansen legg til rette for fagleg utveksling på tvers av disiplinar og forvaltningsnivå, med mål om å styrkje samanhengen mellom forsking, politikk og praktisk folkehelsearbeid.
Arrangør: FHI, i samarbeid med SAMINOR/UiT, NTNU/HUNT, Tromsøundersøkelsen/UiT
Møteleiarar: Marit Næss, NTNU, og Hanne Gulset, FHI
Pris: 0,-
Prisen inkluderer foredrag, pausemat og varm lunsj. Du blir fakturert 300,- hvis du har meldt det på og ikke møter opp.