Nærmiljøhage

Prosjektet har som mål å fremje trivsel, aktivitet og sosial inkludering i sentrum og omkringliggjande tettstader, samtidig som det gir førebyggande helseeffektar ved å oppmuntre til fysisk aktivitet.

Nærmiljøhagen.

Sunnfjord kommune har som mål å auke trivsel og attraktivitet i eit fortetta bymiljø gjennom eit lågterskel folkehelsetiltak. Prosjektet fokuserer på å skape attraktive hagerom for dyrking, nettverksbygging, samskaping og matkultur. Ved å tilby inkluderande og tilgjengelege rom for alle, fremjar prosjektet aktive liv og reduserer sosial ulikskap.

Nærmiljøhagen legg til rette for auka aktivitet i uterom, etablering av lågterskel møteplassar på tvers av generasjonar, og kunnskapsformidling i dyrking av nyttevekstar mellom eldre, barn og unge. Gjennom ulike tiltak engasjerast pensjonistar, innvandrarar og andre grupper i samfunnet:

Tiltak inkluderer, men avgrensast ikkje til:
Skulehagar: Elevar får praktisk erfaring med dyrking av grønsaker og urter, noko som fremjar læring om berekraft og sunn mat.
Sjølvplukk: Innbyggjarar kan delta i sjølvplukk av frukt og grønsaker, noko som gir tilgang til ferske råvarer og oppmuntrar til sunnare kosthald.
Potetsetting: Felles aktivitetar som potetsetting bringer folk saman og gjev ei kjensle av fellesskap og samarbeid.
Matkulturarrangement: Samlingar der deltakarane kan dele oppskrifter, lage mat saman og lære om ulike matkulturar, noko som styrker sosiale band og kulturell forståing.

Førebelse resultat:
Prosjektet har allereie vist å ha fleire positive effektar på lokalsamfunnet i sentrum og omkringliggjande tettstader:

Auka fysisk aktivitet: Ved å delta i dyrking og andre utandørsaktivitetar, opplever innbyggjarane betre fysisk helse.
Betre mental helse: Sosiale møteplassar og felles aktivitetar bidrar til å redusere einsemd og førebygge mental uhelse.
Redusert sosial ulikskap: Lågterskeltilboda gjer det enklare for alle samfunnsgrupper å delta, noko som bidrar til sosial inkludering og integrering.
Auka kunnskap om berekraft: Gjennom praktisk læring i skulehagar og andre tiltak, får deltakarane auka forståing for berekraftig matproduksjon.
Styrka fellesskap: Prosjektet skaper nye nettverk og styrker band mellom generasjonar og ulike samfunnsgrupper.

Forfattere:

Catrine Vagstad og Cecilie Udberg-Helle

Tema:

7. Nærmiljøsatsning – vi bygger landsbyen der alle hjelper hverandre 

Type:

Prosjekt-/praksiserfaringer

Institusjon(er):

Sunnfjord Kommune

Presentasjonsform:

Muntlig

Presenterende forfatter(e):

Catrine Vagstad

Folkehelsekonferansens logoikon

Folkehelsekonferansen 2025
arrangeres av

I samarbeid med

Folkehelseforeningen

Org. nummer: 983 513 786

Telefon: 954 95 003

E-post: post@folkehelseforeningen.no

Postadresse: Rådyrveien 20, 1488 Hakadal