Moglegheiter i skulemåltidet
Når økonomien ikkje strekk til og skulematen ikkje blir realisert må ein rette fokus mot rammene for måltid i skulen. Her ligg det stort potensiale for trivsel og inkludering!
Visste du at ein elev som får minst 20 minutt etetid i skulekvardagen, nyttar minst 633 timar på skulemåltidet i løpet av grunnskulen? Det er kun ein time mindre enn det eleven skal ha i samfunnsfag, som er det fjerde største faget i skulen. Skulemåltidet, om det er servert på tallerken eller ligg i matpakka, er med andre ord ein stor del av skulekvardagen. Korleis ein forvaltar denne tida er av stor betydning!
Det er under skulemåltidet at elevane skal samle ny energi til undervisning og leik resten av skuledagen. Korleis ein organiserer måltidet er av betydning for kor mykje mat eleven klarer å ete. Er det mykje støy og uro i rommet, kan dette gjere det vanskeleg for nokre elevar å konsentrere seg om maten. Blir det nytta skjermaktivitet, vil dette gjerne skape ro, men kan samstundes vere like forstyrrande for sjølve etinga då mange elevar gløymer ut maten. Bruk av skjerm står òg i vegen for sosial interaksjon mellom elevane, og mellom elevane og lærarane. For nokre elevar vil gjerne skulemåltidet vere det einaste måltidet som blir ete saman med andre i løpet av dagen. For desse elevane vil det som skjer av sosial interaksjon og danning under måltidet vere av ekstra stor betydning. Dette betyr at dei tilsette i skulen har ei spesielt viktig rolle i å fremje gode sosiale rammer rundt måltidet. Tilhøyrsle for alle elevar og inkluderande fellesskap er ein viktig del av verdigrunnlaget til skulen, og i måltidet betyr det reint praktisk at ein må leggje til rette for at alle skal kunne delta og kjenne seg som ein del av fellesskapet. Inkludering kan òg handle om at ein legg til rette for at elevane blir kjende med og utviklar interesse for eigen og andre sin matkultur, tradisjonar og identitet.
Medan det er ein tydeleg samanheng i korleis måltidet blir løfta fram som ein sosial og pedagogisk arena i rammeplanane for barnehage og SFO, er situasjonen i læreplanverket til skulen ein heilt annan. Her er skulemåltidet kun nemnt under læreplanen i mat og helse, der det står at elevane på 4. trinn skal kunne samtale om korleis skulemåltidet kan bidra til ein god skulekvardag. Nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid og forskrift for miljø og helse seier ein del om sosiale og fysiske rammer for måltidet på alle dei tre arenaene. Dessverre svarte nesten 60 % av skuleleiarane at dei ikkje hadde kjennskap til nasjonal fagleg retningslinje for mat og måltid i skulen i Spørsmål til Skole-Norge (2022).
Når den økonomiske situasjonen er ustabil og skulematen ikkje kjem på bordet, ynskjer vi å sette søkelyset på potensialet som ligg i det daglege skulemåltidet. Vi ynskjer å oppfordre kommunar til å lage eigne vedtekter på arbeid med rammene for måltidet, i påvente av at nasjonale utdanningsmyndigheiter forankrar dette i overordna del av læreplanverket.
Forfattere:
Marte Gausvik Musland og Lene Bakke
Tema:
12. Helsefremmende barnehager og skoler – sett i lys av dagens og fremtidens kommuneøkonomi
Type:
Prosjekt-/praksiserfaringer
Institusjon(er):
Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivtet ved Høgskulen på Vestlandet
Presentasjonsform:
Muntlig
Presenterende forfatter(e):
Marte Gausvik Musland