Førebygging av alvorleg skulefråvær og auke medverknad og tverrfagleg samhandling

Fleire elevar utviklar alvorleg skulefråvær. I Sunnfjord er det elevar på ungdomssteget, men også på barneskulen. Målsetting: få ned alvorleg skulefråvær og førebygge, samt auke kompetanse/medverknad

Dette kom fram i intervju med elevar, føresette og rektorar i forarbeidet:

Negative konsekvensar for eiga helse, familieliv og fritid. 
Manglande opplevd systematikk, fagleg kompetanse og samordning.
Manglande kompetanse og oversikt over aktuelle faktorar i skulen.

Folkehelse
Alle barn har rett til godt liv og helse, skulegang, utvikling, deltaking, innflytelse, omsorg og beskyttelse. Elevar med alvorleg skulefråvær kan felle utanfor skulesystemet. Fråfall i skule kan føre til arbeidsløyse, dårleg økonomi, dårlegare helse og lågare levealder samanlikna med dei som har fullført utdanning. Det er dokumentert i forsking og statistikk. Prosjektet skal føre til førebygging av skulefråvær og auka kompetanse for å fange opp og unngå fråfall. Prosjektet har truleg og effekt på elevar i vidaregåande. Samhandling er sentralt.

Prosjekt
Effektmål: førebygge alvorleg skulefråvær, auke kvalitet i samhandling mellom aktørar, meir medverknad frå føresette og elevar, ny kunnskap i samarbeid med ungdom, føresette, kommunale aktørar og Høgskulen på Vestlandet.

Resultatmål: Færre elevar med alvorleg skulefråvær.

Prosjektperiode: 4 år
Prosjektfasene:
1.Medverknad, meir kunnskap saman med elevar, føresette, eksisterande hjelpetiltak og aktørar.
2. Tiltak og utprøving
3. Evaluering: Mindre fråfall? Endra samarbeidskompetanse? Meir medverknad? Kvalitet i arbeidet etter prosjektperioden?

Føresette og elevar har skildra behov for følgjande tiltak: 
Team som kjem raskt inn når elevar utviklar eit alvorleg skulefråvær
Kontaktperson for føresette og barnet (koordinatorrolle)
Rettleie og støtte føresette, vurdere ulike problemstillingar 
Samtalegrupper med andre foreldre
Betre samordning mellom aktørane 
Styrking av skulehelsetenesta-skulepsykolog, undervisning om mental helse
Ettermiddagsaktivitetar for klassar, styrke det sosiale samhaldet - gjere det lettare for eleven å komme attende til skulen.  

Innovasjon:
Det er fokus på utvikling av tiltak med utgangspunkt i elev- og foreldremedverknad og å bruke erfaringane til heilskaplege overgangar for heile løpet frå barnehage til arbeidsliv.

Resultater
Det er ei endring i korleis vi jobbar med utfordringa. Det er jamleg medverknad frå tilsette i laget rundt elevane og etablert eigarskap til prosjektet i praksisfeltet. Foreløpige resultat: viser ei haldningsendring og meir fokus på tidleg innsats.

Hva har vi lært?
Involvering frå aktørar og fagfelt gir samarbeidsutfordringar, eigarskap til både problem og tiltak er på ulike nivå. Samhandlingskompetanse er utfordrande.

Hovedbudskap: Kompetanseheving som grunnlag for haldningsendring gjev eigarskap i eit førebyggingsperspektiv.

Forfattere:

Catrine Vagstad

Tema:

Annet innen folkehelsearbeid, inklusive metoder for samarbeid på tvers av sektorer.

Type:

Prosjekt-/praksiserfaringer

Institusjon(er):

Sunnfjord kommune

Presentasjonsform:

Muntlig

Presenterende forfatter(e):

Cecilie Eikefjord Udberg-Helle

Folkehelsekonferansens logoikon

Folkehelsekonferansen 2025
arrangeres av

I samarbeid med

Folkehelseforeningen

Org. nummer: 983 513 786

Telefon: 954 95 003

E-post: post@folkehelseforeningen.no

Postadresse: Postboks 6686 St. Olavs plass, 0129 Oslo