Aminahagen
Førebygging av utanforskap blant unge jenter gjennom eigarskap til ein meiningsskapande livsmeistringsarena med fokus på sosialt samvær, berekraft og miljø.
Aminahagen.
Gjennom det eksisterande skulefråværsprosjektet er det avdekka utfordringar som lågterskeltiltak ikkje fangar godt nok opp. Dei etablerte tilboda treff ikkje jenter i overgangen barneskule/ungdomsskule som står i fare for å utvikle skulefråvær, samt minoritetsjenter i same aldersgruppe som strevar på den sosiale arenaen. Dei kjenner seg «for gamle» til Helsestasjonen og «for unge» til lågterskeltilbod psykisk helse ungdom. Dei er i stor fare for å hamne i utanforskap som igjen kan føre til sosial ulikskap i helse, utdanning, arbeid og anna aktivitet. Sosial ulikskap er ei definert folkehelseutfordring i Sunnfjord. For å adressere desse utfordringane nyttar vi oss av potensialet som ligg i Folkehelsetiltaket Grøderike Sunnfjord. Gjennom å bruke Nærmiljøhagen som livsmeistringsarena førebyggjer vi ufrivilleg skulefråvær og utanforskap. Biblioteket, ungdomsskulen og BUFa er samarbeidspartar i Aminahagen.
Ungdommane i målgruppa er i førarsetet under utviklinga av tiltaket og tilhøyrande aktivitetar. Dei vil også vere svært deltakande i undervegsvurdering (for justering) og sluttevaluering (før implementering til ordinær drift). Aktivitetar i Aminahagen inkluderer, men avgrensar seg ikkje til: bygging av drivhus av gjenbruksmateriale, dyrking av urter, grønsaker og blomar, vidareforedling av sjølvdyrka råvarer, sosialt samvær, nettverksbygging og kompetanseheving knytt til gjenbruk, bygg, jordbruk og dyrking av mat.
Forventa resultat av Aminahagen er betra psykisk helse, mindre fråvær i skulen, tryggare relasjonar til jevnaldrande, vaksne og hjelpetenester. Aminahagen skaper ein meiningsfylt arena for meistring og tilhøyrsle til lokalmiljø og aldersgruppe.
Resultatmål:
Auka deltaking på skule og i sosiale arenaer
Mindre press på hjelpetenestene
Effektmål:
Mindre behov for psykisk helsehjelp
Færre som fell utanfor
Nærmiljøhagen i Førde er eit viktig prosjekt som bidreg til å styrke lokalsamfunnet. Hagen fungerer som ein grøn møteplass der innbyggjarane kan delta i ulike aktivitetar, dyrke plantar og skape sosiale band. Det er ein stad for både rekreasjon og læring, og den bidreg til å fremje berekraftig livsstil og fellesskap i sentrum. Ved å plassere Aminhagen i Nærmiljøhagen styrkar vi og ungdommane si kjensle av tilhøyrsle til lokalsamfunnet.
Forfattere:
Cecilie Udberg-Helle og Catrine Vagstad
Tema:
13. Gode liv i ungdomstiden – relasjoner, voksenkontakt og psykisk helse
Type:
Prosjekt-/praksiserfaringer
Institusjon(er):
Sunnfjord Kommune
Presentasjonsform:
Muntlig
Presenterende forfatter(e):
Cecilie Udberg-Helle