Rocket-Man – Preventing Social Exclusion Through Relationships and Activity
Rocket-Man er eit fritidstilbod for ungdom 13–18 år som førebyggjer utanforskap, psykiske plager og rus gjennom relasjonar og aktivitet ved at aktivitetsguidar arragerer aktivitet.
Rocket-Man (Sogndal) er eit fritidstilbod for ungdom mellom 13 og 18 år i Sogndal kommune, som arbeider målretta med førebygging av utanforskap, psykiske plager og rus. Tiltaket set i verk aktive og praksisnære tiltak med fokus på tryggleik, meistring og tilhøyrsle, og har som mål å hindre at ungdom fell utanfor skule-, arbeids- og samfunnsliv.
Formålet med prosjektet er å skape eit trygt, inkluderande og støttande miljø der ungdom får oppleve meistring, samhald og fellesskap. Rocket-Man skal vere eit lågterskeltilbod der ungdom møter vaksne og unge rollemodellar som ser dei, lyttar til dei og følgjer dei tett over tid.
Alle ungdomane som deltek i Rocket-Man blir kopla til ein aktivitetsguide som fungerer som ein «storebror» eller «storesyster». Aktivitetsguidane er sjølve bærebjelken i prosjektet, og det som skil Rocket-Man frå andre fritidstilbod. Dette er unge vaksne mellom 18 og 30 år i lønna stillingar (inntil 4 timar per veke), som i tillegg bidreg frivillig. Dei arbeider kontinuerleg med relasjonsbygging og er viktige rollefigurar for ungdomane.
Aktivitetsguidane organiserer og gjennomfører fellesaktivitetar som varierer frå veke til veke. Tilbodet består av både utradisjonelle aktivitetar og aktivitetar som er etterspurde av ungdomane sjølve. Målet er å skape positive opplevingar, styrkje sjølvtillit og byggje tilhøyrsle i eit fellesskap der alle blir inkluderte.
Prosjektet har også med trygge vaksne frivillige som støttar opp om aktivitetane gjennom praktisk hjelp, omsorg, kompetanse og livserfaring. Dette blir sett på som ein styrke i prosjektet og bidreg til å skape stabile og trygge rammer rundt ungdomane.
Rocket-Man er etablert ulike stader i Norge, og me ser at dette er eit tiltak som fungerer i praksis.
Forfattere:
Silje Fimreite, Astrid Torsvik
Tema:
4. Barn og unges liv og psykiske helse - deltakelse, press og fremtidstro
Type:
Praksis
Institusjon(er):
Sogndal Kommune
Presentasjonsform:
Muntlig presentasjon og publisering på hjemmesiden (engelskspråklige abstrakt publiseres i SJPH)
Presenterende forfatter(e):
Silje Fimreite