Leik for alle - eit inkluderande skulemiljø i praksis
Enkle, elevstyrte tiltak som kombinerer leik, ansvar og fellesskap kan redusere sosialt press og styrke psykisk helse i skulekvardagen. Leik for alle viser at medverknad og struktur skaper inkludering
Bakgrunn:
Barn og unge møter i dag eit skulemiljø prega av både forventningar og sosialt press. Fysisk aktivitet og fellesskap er viktige faktorar for psykisk helse, men mange opplever utanforskap i friminutt og manglande arenaer for positiv samhandling. Førde barneskule i Sunnfjord kommune har derfor utvikla prosjektet Leik for alle for å styrke inkludering, meistring og framtidstru gjennom leik og ansvar.
Mål:
Prosjektet skal skape eit skulemiljø der alle elevar opplever tilhøyrsle, aktivitet og tryggleik. Tiltaket skal redusere konfliktar, fremje vennskap på tvers av klassar og alder, og gi elevane reell medverknad i kvardagen.
Metode:
Prosjektet har tre hovudelement:
1. Lånebod: Elevane låner leikar og utstyr i friminutta. Drift og orden vert styrt av elevane sjølve, noko som gir eigarskap og ansvar.
2. Time Out: Ei fast nyheitssending i klasseromma kvar veke med informasjon, humor og felles utfordringar. Dette styrkjer kommunikasjon og fellesskap.
3. Aktivitetsleiarar: Elevane kan søke «jobb» som leiarar for leik og aktivitet i friminutta. Dette gir struktur og tryggleik for dei som treng det, og byggjer relasjonar på tvers.
Tiltaka er utvikla i samarbeid mellom skulen og elevrådet, med kontinuerleg evaluering gjennom observasjon og tilbakemelding frå elevar og tilsette.
Resultat:
Prosjektet har ført til auka aktivitet i friminutta, færre konfliktar og sterkare sosial inkludering. Elevane rapporterer større trivsel og oppleving av medverknad. Lærarane opplever betre klassemiljø og mindre uro. Tiltaket har også styrkt framtidstru ved å gi barn konkrete erfaringar med ansvar og fellesskap.
Konklusjon:
Leik for alle viser korleis enkle, strukturerte tiltak kan fremje psykisk helse, redusere press og styrke deltaking i skulekvardagen. Prosjektet er lett å implementere og har stor overføringsverdi til andre skular som ønskjer å bygge inkluderande miljø og folkehelse frå tidleg alder.
Forfattere:
Alina Doroshenko, Maria Løkkebø, Catrine Vagstad, Therese Helland
Tema:
4. Barn og unges liv og psykiske helse - deltakelse, press og fremtidstro
Type:
Praksis
Institusjon(er):
Førde barneskule i Sunnfjord kommune
Presentasjonsform:
Muntlig presentasjon og publisering på hjemmesiden (engelskspråklige abstrakt publiseres i SJPH)
Presenterende forfatter(e):
Alina Doroshenko