Fysisk aktivitet i skulen; effekt på elevane sitt aktivitetsnivå over tid

FYSAK-modellen er ein skulebasert tilnærming for å fremma fysisk aktivitet som har potensiale til å nå alle elevar, samt redusera sosiale ulikheiter i helse generelt og i fysisk aktivitet spesielt.

Bakgrunn: På grunn av deira unike moglegheit til å nå alle barn og unge, er skular vurdert å vera ideelle settingar for å fremma fysisk aktivitet i Noreg. Likevel har det vist seg utfordrande å finna effektive og bærekraftige måtar å implementera ein meir fysisk aktiv skulekvardag på, og fleire ulike modellar er testa ut. FYSAK-modellen er eit døme på ein modell som inkluderer dagleg fysisk aktivitet integrert i skulekvardagen. Det er imidlertid mindre kunnskap om i kva grad denne modellen bidreg til elevane sin daglege fysisk aktivitet, særskilt knytt til etterleving av nasjonale anbefalingar for fysisk aktivitet. Denne studia har difor undersøkt kva påverknad FYSAK-modellen har på elevane sitt fysisk aktivitetsnivå over tid.

Metode: Data er henta frå ei treårig (2016-2018) longitudinell studie av ungdomsskuleelevar frå 11 ulike ungdomsskular i Noreg der ein hadde integrert FYSAK-modellen i skulen si praksis. Analysane inkluderer innsamla data frå 535 ungdommar (56.1 % jenter, gjennomsnittsalder ved baseline ± SD 13.3 ± 0.3 år) og samanliknar akslerometermålt fysisk aktivitetsnivå (cpm-1) ved FYSAK-skulen med dei øvrige 10 skulane (kontrollskular).

Resultat: Det var ingen forskjell i aktivitetsnivå mellom FYSAK-skulen og kontrollskular i 2016. I 2017 og 2018 hadde imidlertid elevane ved FYSAK-skulen eit signifikant høgare aktivitetsnivå enn elevar ved kontrollskulane (2017: 54.7 cpm-1, p ≤ .05, 2018: 59.2 cpm-1, p ≤ .05). Analysar som berre inkluderte kvardagar forsterka dette mønsteret, der større forskjellar i aktivitetsnivå vart synlege (2017: 73.5 cpm-1, p ≤ .001, 2018: 85.7 cpm-1, p ≤ .001). Elevar ved FYSAK-skulen hadde også høgare sannsyn for å etterleva dei nasjonale anbefalingane for fysisk aktivitet samanlikna med elevar frå kontrollskulane gjennom alle tre skuleår (2016: 57 % FYSAK vs. 41 % kontroll, 2017: 62 % FYSAK vs. 38 % kontroll, 2018: 52 % FYSAK vs. 30 % kontroll).

Konklusjon: Resultata tyder samla sett på ein effekt av FYSAK-modellen på elevane sitt fysiske aktivitetsnivå. Dette kan forklarast med at modellen tilbyr eit rammeverk for ein systematisk og varig integrering av fysisk aktivitet i elevane sin skulekvardag. Denne tilrettelegginga medfører at alle elevar får vera fysisk aktive i løpet av skuledagen.

Forfattere:

Ingeborg Barth Vedøy, Patrick Foss Johansen, Knut Ragnvald Skulberg, Hege Eikeland Tjomsland, Miranda Thurston

Tema:

3. Systematisk folkehelsearbeid - kunnskap, verktøy og praksis

Type:

Forskning

Institusjon(er):

1) Universitetet i Innlandet, 2) Høgskulen på Vestlandet

Presentasjonsform:

Muntlig presentasjon og publisering på hjemmesiden (engelskspråklige abstrakt publiseres i SJPH)

Presenterende forfatter(e):

Ingeborg Barth Vedøy

Folkehelsekonferansens ikon i Pride-farger

Folkehelsekonferansen 2026
arrangeres av

I samarbeid med

Folkehelseforeningen

Org. nummer: 983 513 786

Telefon: 954 95 003

E-post: post@folkehelseforeningen.no

Postadresse: Rådyrveien 20, 1488 Hakadal